Jonas Gahr Støre i Stavanger

Jonas Gahr Støre i Stavanger

 

 

Video hentet fra Jonas Gahr Støre sin Facebook side.

“Vil lage skulebenk på arbeids- plassen.
Arbeiderpartiet lover at Rogaland får vere først ut når arbeidarar innan bygg- og anlegg skal undervisast.

Partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik står på taket av Hotell Atlantic i Stavanger. Det er valkamp og onsdag har dei dratt hit for å møte Roxel, eit tidlegare oljeselskap som har omstilt seg og nyttar oljeteknologi i restaureringa av hotellet. Om Ap vinn valet, vil dei sette i gang arbeidet med kompetansereformen, eit sammarbeid mellom arbeidsgivar, arbeidstakar og staten. Målet er ny kunnskap til arbeidstakarane.

- Ein måte å løyse det på er at dei tilsette avsluttar arbeidsdagen med ein time eller to med undervisning på arbeidsplassen. Vi ser for oss at det blir inngått ein avtale mellom arbeidstakar og arbeidsgivar og at staten kjem inn med støtte, seier nestleiar i Arbeiderpartiet, Hadia Tajik.

Ap vil starte arbeidet med reformen gjennom eit pilotprosjekt i Rogaland og Hordaland. I tillegg til bygg- og anlegg, vil dei starte med eldreomsorg fordi denne sektoren får stadig meir avansert velferdsteknologi. Planen er å starte pilotprosjektet i 2018, men Tajik ser for seg at det kan bli aktuelt å utvide til andre fylke allereie året etter.

- Vi startar med desse fylka fordi dei er i ein veldig spesiell situasjon. Mange har høg kompetanse, men treng hjelp med omstilling. På sikt vil eg gjerne ha eit nasjonalt rammeverk, men det kan bli aktuelt med lokale tilpassingar.

I sitt alternative budsjettet har Ap sett av 50 millionar til pilotprosjektet. Tajik understrekar at den totale summen for kompetanseløftet ikkje er avgjort. Ho seier at dei saman med partane i arbeidslivet vil diskutere korleis dei kan gjennomføre ein kompetansereform som kjem alle arbeidstakarar og arbeidsgivarar til gode. Først då vil finansieringen av reformen ble avgjort.

- Staten må stille opp med pengar, men her må både arbeidsgivar og arbeidstakar stille opp. For arbeidsgivar sin del kan det innebere at ein let dei tilsette bruke ein time av arbeidstida på undervisninga, og for dei tilsette sin del kan det dreie seg om at ein også set av ein time av fritida, seier ho.”

Skrevet av Birgitte Flote, Stavanger Aftenblad
(artikkel hentet fra papirutgaven til Stavanger Aftenblad torsdag 27.07.17)

 


Comments are closed.